60 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.10.2018.
Spesialpedagogisk tilleggsutdanning eller praksis vil vere eit pluss, då hovudoppgåva vil vere spesialpedagogisk hjelp for barn med særlege behov.
Inntil 130 % stilling som barnehagelærar frå 01.10.2018, der 60 % er vikariat for barnehageåret 2018/2019 med muligheit for forlenging.
Andre stillingar som kan verte ledige i barnehagane inneverande år.
Til alle stillingane er det krav om politiattest av ny dato.
Då det er få menn i skulane og barnehagane våre, vert menn særskilt oppmoda om å søkje.
Dersom du har spørsmål om stillingane, ta kontakt med pedagogisk konsulent Jorunn Nyttingnes på telefon 57 65 56 31.
Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema
Søknadsfrist 18.09.2018