Leikanger barneskule

  1. Faste lærarstillingar som kan verte ledige frå 01.08.2019
     
  2. Lærarvikariat som kan verte ledige frå 01.08.2019
     
  3. 60 % fast stilling og 20 % vikariat som miljøterapeut i skule og  SFO for barn som treng ekstra tilrettelegging. Relevant utdanning, gjerne helsefagleg, erfaring og personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde ved tilsetjing.
     
  4. Fast stilling som assistent/ fagarbeidar/miljøterapeut i SFO som kan verte ledig frå 01.08.2019
     
  5. Vikariat som assistent/fagarbeidar/miljøterapeut i SFO som kan verte ledig frå 01.08.2019

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få ved å venda seg til Leikanger barneskule ved rektor Målfrid Sværen tlf. 57 65 68 01.


Leikanger ungdomsskule

  1. 40 % fast lærarstilling – aktuelle fag er kunst og handverk, KRLE og musikk.
     
  2. 50 % lærarstilling - vikariat frå 01.08.2019 – 31.12.2019
     
  3. 50 % stilling som miljøterapeut.
     
  4. Andre stillingar som kan verte ledige, faste stillingar og vikariat

I vikariata er det særleg behov for språkfag. Søkjarar må ha kompetanse for undervisning på ungdomssteget.

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få ved å venda seg til Leikanger ungdomsskule ved rektor Ingunn Marie Myren tlf. 57 65 13 41

Begge skulane:

  1. Andre stillingar som kan bli ledige i skulane i Leikanger, faste og vikariat
     

Felles for alle stillingane:

Det er krav om politiattest av ny dato.

Då det er få menn i skulane og barnehagane våre, vert menn særskilt oppmoda om å søkje.

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist er tysdag 2. april.