For å søke på ledige stillingar i Leikanger kommune må du nytte vårt elektroniske søknadsskjema.
Dersom du skal søke på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.
Du treng ikkje sende kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
