Legeteneste
Alle har rett til akutt legehjelp i kommunen, men etter innføring av fastlegeordninga skal all vanleg legekontakt vere hjå fastlegen. Det er timebestilling, og ventetida varierer mellom om lag to og fire veker.
Normal bemanning på legekontoret er 2 fastlegar og turnuslege.
Det er 1 stilling som kontorfullmektig og 1 stilling som avdelingssjukepleiar.
Kommuneoverlege er fagleg og administrativ leiar av kontoret.
Målgruppe
Alle som treng almennlegeteneste
Pris
Prisar vert fastsette av staten kvart år.
Sjå prisliste under dokument til høgre.
Klage
Dersom du meiner at du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklaga dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du beskrive kva du klagar over, kva du ønskjer endra og grunngjevinga for dette. Kommunen vil kunna gje deg rettleiing. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har handsama saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, vert klagen videresend til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettighetslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at saka om mogleg kan løysast på lågaste nivå.
Ambulanse:
Det er felles ambulanse i Sogndal for kommunane Leikanger og Sogndal. Det er 2 ambulansar bemanna på døgnbasis med kvalifisert personell og standardutstyr. Utrykningstid til Leikanger er omlag 20 min.
Aktuelle lover:
Kommunehelsetjenesteloven
Lov om Folketrygd
Helsepersonelloven
Lov om Statlig tilsyn
Pasientrettighetsloven
Psykisk helsevernloven
Smittevernloven
