Når du ringjer 116117 kjem du til legevakta der du oppheld deg, uansett kvar i Norge du ringjer frå.

Det vanlege nummeret til legekontoret - 57655666 - vil, utanom opningstida til legekontoret, bli kobla over til legevaktsentralen som før. Det kan nyttast dersom du ønskjer å nå legevakta i Leikanger medan du oppheld deg utanfor kommunen, for eksempel om du ringer for eit sjukt familiemedlem. 

Legevakta er eit samarbeid mellom kommunane Leikanger og Sogndal om lege på vakt for akutt sjukdom utanom vanleg kontortid.

I alt 7-9 legar deler på vaktene. Legevaktsentralen med sjukepleiar på vakt er lagt til Lærdal sjukehus for alle kommunane i Indre Sogn. Legevaktsentralen set vidare til lege, jordmor eller ambulanse. Det er Sogndal Helsesenter som vert nytta under vaktene.


Ambulanse:
Det er felles ambulanse i Sogndal for kommunane Leikanger og Sogndal. Det er 2 ambulansar bemanna på døgnbasis med kvalifisert personell og standardutstyr. Utrykningstid til Leikanger er omlag 20 min.

Legane kan dessutan rekvirere luftambulanse via Førde AMK. Normal reisetid til Leikanger er ca 25 min.