Leikanger legekontor
Hatlebakkane 4
6863 Leikanger
Telefon: 57 65 56 66
Telefax: 57 65 56 68
Tenesteleiar
Leiv Erik Husabø
Send e-post
Legevakt
Samarbeid mellom kommunane Leikanger og Sogndal om lege på vakt for akutt sjukdom utanom vanleg kontortid.
I alt 8-10 legar deler på vaktene. Legevaktsentralen med sjukepleiar på vakt er lagt til Lærdal sjukehus for alle kommunane i Indre Sogn. Legevaktsnummeret er 57 65 56 66. Legevaktsentralen set vidare til lege, jordmor eller ambulanse. Det er Sogndal Helsesenter som vert mest nytta under vaktene.
Målgruppe
Alle som treng akutt helsehjelp utanom vanleg kontortid.
Pris
Prisar vert fastsett av staten kvart år.
Sjå prisliste under dokument til høgre.
Klage
Dersom du meiner at du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklaga dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du beskrive kva du klagar over, kva du ønskjer endra og grunngjevinga for dette. Kommunen vil kunna gje deg rettleiing. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har handsama saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, vert klagen videresend til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettighetslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at saka om mogleg kan løysast på lågaste nivå.
Annan informasjon:
Ambulanse:
Det er felles ambulanse i Sogndal for kommunane Leikanger og Sogndal. Det er 2 ambulansar bemanna på døgnbasis med kvalifisert personell og standardutstyr. Utrykningstid til Leikanger er omlag 20 min.
Legane kan dessutan rekvirere luftambulanse via Førde AMK. Normal reisetid til Leikanger er ca 25 min.
