Leikanger barneskule er ein skule med elevar frå 1. til 6. klasse. Skulen ligg fint til ved idrettsplassen i Leikanger, der ein finn grusbane, grasbane og friidrettsanlegg.

Barneskulen ligg i gangavstand frå dei store bustadfelta i kommunen, og frie naturområde er lett tilgjengelege til bruk for elevar og lærarar. Her er også ein flott klatrepark.

Skulefritidsordninga Bjørnehiet held til på Leikanger barneskule.