Leikangerprisen 2011
Leikangerprisen 2011 vart tildelt
Aldersheimens vener og Leikanger Røde Kors besøksteneste.
Frå ordføraren sin tale under utdelinga:
"Det var eit samrøystes formannskap som i møte 30. november i år tildelte Aldersheimens vener og Leikanger Røde kors besøksteneste Leikangerprisen 2011.
Dei får prisen for gode gjerningar og eit stort engasjement i omsorgsarbeidet for dei eldre.
Provet på Leikangerprisen 2011 er ein diplom og ein kronesum på kr. 10.000,-.
Begge desse laga har hatt eit brennande engasjement for dei eldre sin kvardag og dei har gjort ein fantastisk jobb.
Aldersheimens vener vart starta opp så tidleg som i 1961, ja faktisk før den fyrste aldersheimen var bygd og har difor ei markering i dag av sitt 50-ende arbeidsår. Dei har lagt ned ein stor innsats og gjeve utallige gåver til både den gamle sjukeheimen og no den nye.
Leikanger Røde Kors besøksteneste kom i gang noko seinare, men har hatt faste song og musikk kveldar og andre arrangement som det har vore sett umåteleg stor pris på.
Leikangersamfunnet, dei eldre, bebuarane her på heimen og ikkje minst me pårørande skuldar begge desse laga ein stor takk."
