Leikangerprisen vert delt ut for verdifullt og framifrå arbeid i frivillig lags- og organisasjonsliv, eller i arbeidsliv/tiltaksarbeid i kommunen. Prisen kan gjelde arbeid som vert eller har vore gjort, og kan gå til lag, organisasjonar og einskildpersonar.

Leikangerprisen vert delt ut under Fruktbare dagar. Framlegg med skriftleg grunngjeving på kandidatar må sendast Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger eller postmottak@leikanger.kommune.no innan  1. september 2018.

Sjå meir informasjon om vedtekter og tidlegare prisvinnarar