Levegg

Dersom du ynskjer å setje opp ein levegg for til dømes å hindre innsyn, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til kommunen. Leveggen kan vere frittståande eller festa til ein bygning. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ynskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du sende inn søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
 

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Vilkår

Generelle vilkår:
· Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
· Leveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
· Leveggen må ikkje vere i strid med plan- og bygningslova
· Leveggen må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår:
· Maksimum høgd er 1,8 meter
· Maksimum lengd er 10,0 meter
· Minimum avstand til nabogrense er 4,0 meter, med mindre leveggen er eit skilje mellom seksjonar i rekkjehusbygg som ikkje er frådelte tomter
· Tiltaket skal plasserast innafor byggjegrense fastsett i reguleringsplan, veglova eller jarnbanelova

Rettleiing:
Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

 

Pris

Utan søknad kr. 0,-

Klage

Tiltak som er unnateke søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre berørte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne. Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad.
Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane.

Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
 

Intern informasjon

ByggSøk er eit offentleg system for elektronisk kommunikasjon i plan- og byggjesaker. Systemet skal hjelpe til å standardisere og effektivisere plan- og byggjesaksprosessen. Kommunane kan blant anna nytte ByggSøk til å publisere plan- og byggjesaksrelatert informasjon. To redaksjonsgrupper med fagkunnige frå små og store kommunar over heile landet lagar eksempel på rettleiingar relaterte til plan- og byggjesak. Desse kan alle kommunane publisere på sine sider og eventuelt omarbeide slik at dei blir tilpassa lokale forhold. ByggSøk driftast av Statens bygningstekniske etat, er gratis å bruke og kan nyttast av alle.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS