Lokale transporttilbod for ungdom
Eit tilbod for ungdom mellom 13 og 19 år.
Kva tilbodet er?
- transport til/frå Leikanger/Sogndal/andre kommunar og i Leikanger.
- det må minst vere 3 personar for å nytte tilbodet.
- tilbodet krev eigendel hjå brukaren. Eigendelen er eigen transport eine vegen, dvs. at ungdomane syter for eigen transport den eine vegen til/frå Leikanger.
Bruk av tilbodet:
- transporttilbodet skal ikkje nyttast "side om side" med vanleg buss. Det vert forventa at buss vert nytta når det passar med buss til aktuell aktivitet. Og det får våge seg at ein kanskje må vente 1 time i Sogndal.
- Vi oppfordrar ungdomane og foreldre om å verte einige om transport heimatt før kl 24.00.
Kva tilbodet dekkar?
- kino/kulturarrangement i kulturhuset i Sogndal
- arrangement knytt til Ungdomsbasen i Sogndal (spinning, symjing, open hall, klatring, teatersport). Les meir om Ungdomsbasen i Sogndal her
- alle opne ungdomsarrangement i Sogndal/andre kommunar (t.d. kveldsope skitrekk i Sogndal og Luster.
- kveldsope skitrekk på Kleppa.
- dersom ein ynskjer å nytte seg av Lustrabadet, kan ungdom få dekka bussreisa den eine vegen. Ein må fyrst betale sjølve, deretter få refundert billettane ved å levere dei på tinghuset.
Det vert ikkje dekka taxitransport til eller frå Lustrabadet.
Kva tilbodet ikkje dekkar?
- shoppingtur til Sogndal/andre kommunar.
- private festar.
- arrangement som inkluderer alkohol/andre rusmidlar.
Tinging av transport:
- ring Taxi, tlf. 57 65 31 23 – opplys om at du vil nytta tilbodet.
- ting transport så tidleg som mogeleg.
- tingingar for transport om kvelden skal skje innan kl. 18.00 den dagen transporten skal skje
- taxiane har løyve til å føre opp kva transporten gjeld for
Det er Sogn og Fjordane Fylkeskommune som finansierer ordninga.
Samferdslekontoret i Sogn og Fjordane fylkeskommune har eiga nettside for transport for ungdom.
2013-01-07
Anne Brit Lauvsnes