Lokalt trafikktryggingsarbeid

Dette er eit nasjonalt prosjekt som går over 3 år. Prosjektet starta i 2009 og skal avsluttast i 2011. Trygg Trafikk initierer prosjektet som vert finansiert av Finansnæringens Hovudorganisasjon. Prosjektet har 5 delprosjekt og Barnehagane i Leikanger er eitt av desse.

Målet med dette delprosjektet er å setje fokus på: 

· trafikktryggleik i og rundt barnehagane
· trafikkoppdragelse hjå barna
· trygg transport i barnehagane sin regi
· trygg transport til og frå barnehagane
· foreldra som ansvarlege rollemodellar

Resultatet er tenkt lagt på nettet slik at det kan delast med resten av landet.

Første året gjekk til kartlegging av barnehagane sine planer i samband med trafikk og trafikktryggleik. I tillegg fekk barnehagane tilført Trygg Trafikk sitt undervisningsmateriell,
bilbarnestolar og refleksvestar. 4 førskulelærarar fekk også Trygg Trafikk sitt trafikkurs.

Andre året som vi er inne i no, går til utprøving av materiellet og opplegg. Det vart også etter ønske frå barnehagane gjennomført Trygg Trafikkurs for alle tilsette i barnehagane.

Barnehagane driv no å utforma ei brosjyre til foreldre og tilsette om enkle reglar for
Trafikksikker barnehage. Denne skal utprøvast og bli ein del av prosjektet. Kanskje ei slags godkjenningsordning ?

Tredje året skal prosjekta avsluttast med rapport og erfaringane skal leggast på nettet under ”Trafikksikker kommune”

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS