Matombringing
Dersom ein ikkje er i stand til å lage seg middag sjølv, kan ein få bringa varm middag med suppe/dessert heim frå hovudkjøkenet på sjukeheimen.
Tilbodet gjeld i utgangspunktet alle dagar i veka, og det er utkøyring dagleg dersom ikkje anna er avtalt. Merk at kjøkenet har begrensningar på tal middagar som kan leverast dagleg.
Skal du avbestille middagen? Ring kjøkenet på telefon 57 65 56 56 i god tid.
