Kommunen tilbyr matombringing til personar som har behov for det. Dette gjeld mellom anna ved underernæring, om ein står i fare for dette, eller har  funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å lage eigne måltid.

Dersom ein ikkje er i stand til å lage seg middag sjølv, kan ein få bringa varm middag med suppe/dessert heim frå hovudkjøkenet på sjukeheimen. Tilbodet gjeld i utgangspunktet alle dagar i veka, og det er utkøyring dagleg dersom ikkje anna er avtalt. Merk at kjøkenet har begrensningar på tal middagar som kan leverast dagleg.

Ved avbestilling av middag ring kjøkenet på telefon 57 65 56 56 i god tid.