Matombringing

Matombringing er ikkje ei lovpålagt teneste. Kommunen tilbyr likevel denne tenesta til personar som har behov for det. Dette gjeld mellom anna ved underernæring, står i fare for dette, eller har  funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å lage eigne måltid.

Dersom ein ikkje er i stand til å lage seg middag sjølv, kan ein få bringa varm middag med suppe/dessert heim frå hovudkjøkenet på sjukeheimen. Tilbodet gjeld i utgangspunktet alle dagar i veka, og det er utkøyring dagleg dersom ikkje anna er avtalt. 

Me lovar at du får varm mat levert etter avtale.

Målgruppe

I hovudsak eldre og funksjonshemma.

Vilkår

Individuell vurdering etter søknad om tenesta.

Pris

Kjøp av middag: kr. 77,-
Kjøp av frukost/kvelds: kr. 33,-
Prisen vert bestemt/regulert av kommunestyret kvart år 

Faktura vert sendt ut kvar månad.
 

Handsaming

Tildeling av tenesta skjer i inntaksnemnda for pleie- og omsorgstenester.
Du vil få eit skriftleg vedtak om tenesta er innvilga.
 

Handsamingstid

3 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

Matombringing er ikkje ei lovpålagd teneste, men ei viktig teneste for å oppfylle andre lovpålagde tenester. Du kan ikkje klage på eit avslag.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger
Tlf 57 65 56 55

Tenesteleiar
Anne Margrethe Kråvik
Telefon 67 65 56 54
Send e-post 

Avdelingssjukepleiar
for heimetenestene
Solfrid Høyheim
Tlf  57 65 56 58
Send e-post

Ved spørsmål om rekningar for
tenester innan pleie og omsorg
Christa Rockland
tlf 57 65 56 55/57 65 56 84
(kontortid torsdagar) 
Ring gjerne på førehand for å avtale eit møte.
Send e-post

Web levert av CustomPublish AS