For alle bygg og anlegg som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova skal det vere gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest før tiltaket vert teke i bruk.

Det er mogleg å ta i bruk delar av eit tiltak dersom det vert rekna som trygt nok ut frå dei arbeida som står igjen. Ansvarlege på byggjeplassen skal då levere dokumentasjon for mellombels bruksløyve, men sakshandsamar må vurdere om dette skal gjevast. Det skal normalt berre gjevast mellombels bruksløyve dersom det er mindre manglar i tiltaket.

Å ta eit tiltak i bruk før bruksløyve er gjeve er eit lovbrot. Bruksløyve/ferdigattest skal vere ei overføring av ansvar frå ansvarleg i byggjesaka til eigar. Det skal også vere ein dokumentasjon på at dei ansvarlege i byggjesaka er ferdige med sine arbeid. Bruksløyve er avgjerande dersom brann eller anna ulykke skulle skje i tiltaket.