Sogn kulturskule søkjer etter vikarar skuleåret 2019/2020.

I utgangspunktet søkjer me etter musikkpedagog med undervisningskompetanse på song, gitar, bass, slagverk og piano.
Arbeidsoppgåvene kan eventuelt setjast saman etter søkjar sine kvalifikasjonar og ønskjer. 
Dersom du kan undervisa i andre fag som drama, dans, visuell kunst eller skapande skriving, kan det hende at du kan vera med å etablera nye disiplinar i kulturskulen vår.

Det er mogeleg å søkje delar av stillinga. Søkjarar må ha førarkort og disponera bil.
Løn etter gjeldande tariff.

Nærare opplysningar får ein hjå kulturskulerektor Roar Sandnes på 919 95 402.
Epost: postmottak@leikanger.kommune.no

Søknad sender du på vårt elektronsike søknadsskjema

Søknadsfrist er 31. juli 2019