Når eit byggjetiltak skal iverksetjast, har naboar krav på å bli varsla om tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For byggjetiltak som berre krev at du sender melding til kommunen, er det du som byggherre (tiltakshavar) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev søknad til kommunen, er det firmaet du engasjerer til å stå for søknadsprosessen (også kalla ansvarleg søkjar), som sørgjer for nabovarsel.

Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til kommunen (når det gjeld melding) eller til ansvarleg søkjar (når det gjeld søknad) innan to veker etter at nabovarslet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknad/melding er gjort tilgjengeleg. Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.

Nabovarselet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket vedkjem deira interesser. Det skal framgå om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Varslinga må vere gjennomført før søknaden blir sendt. Dette kan gjerast på to måtar:
· Naboen kvitterer direkte på varselet og får ein kopi
· Du sender varselet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten

Vedlegg til søknaden
· Teikningar
· Situasjonskart
· Andre opplysningar som kan gjelde interessene til naboen/tverrbuaren