Søknadsfrist 8. desember

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser ut midlar som skal gå til å motverke og/eller dempe konsekvensane av barnefattigdom blant barn og ungdom.

Dette er ei nasjonal tilskotsordning der målgruppa er barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem. Saman med dei berørte inngår og familiane til denne målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids – og ferieaktivitetar : «Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom – søknad om støtte 2018. Rundskriv 01- 2018 legg til grunn for utlysningen av tilskotsordninga.

Det er mogeleg for lag og foreiningar å søkje på desse midlane. Bruk søknadsskjema på sida til Bufdir

Mål, innretning og prioriteringar

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal være et virkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktiviteter, uavhengig av foreldrenes inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståsted eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogeleg ha låge eller ingen kostnader.

I tillegg er det eit mål at tiltaka bidreg til et meir inkluderande fritidsmiljø.

Det kan søkast om tilskot til tiltak som

  1. bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktiviteter
  2. bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktiviteter
  3. bidreg til deltaking for barn og ungdom råka av fattigdomsproblem på alternative mestringsarenaer

Bufdir kan i sakshandsaminga leggje vekt på følgjande for 2018:

  • Søknader frå kommunar og bydelar med store levekårsproblem.
  • Tiltak som skjer i et samarbeid mellom frivillig sektor og førebyggjande tenester.
  • Tiltak som fremjar integrering av barn og ungdom med innvandrarbakgrunn.
  • Tiltak som retter seg mot barn og ungdom som veks opp med foreldre med rusproblem/psykiske vanskar

Meir konkret informasjon om søknadsprosess, rundskriv og skjema finn du på:

https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barnefattigdom/

Har du spørsmål til søknadsprosess eller kva de kan søkje om midlar til, ta kontakt med Aase B, Njøs, tenesteleiar for samfunnsutvikling, kultur og næring i Leikanger kommune på e-post:  Aase.Bruntveit.Njos@leikanger.kommune.no eller på telefon 57 65 56 04/415 63 448.