Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Konsulent landbruk
Eva Nilsen Huke
Telefon 57 65 56 45
Send e-post
Kontortid torsdag og fredag
Område i Leikanger som er underlagt særskilte restriksjonar:
Kvinnavassdraget – verna mot kraftutbygging 6. april 1973
Sjå meir informasjon frå NVE
Området Kvinna – Supham verna edellauvskogsområde – verna 19.06.2009
Sjå meir informasjon frå Direktoratet for naturforvaltning
Nedslagsfelt Leikanger vassverk – klausulert område Henjadalen/Friksdal/Fjærlandsete
Les meir om restriksjonar på nedbørfeltet
Øvrige viktige naturområder sjå www.fylkesatlas.no
eller www.naturbase.no
Naturvern er å ta vare på mangfaldet og produksjonsevna i naturen. Til dette høyrer til dømes vernetiltak, oppretting av nasjonalparkar og landskapsvernområde og bevaring av urørt natur.
Naturvern har som mål å sikre truga artar og naturtypar, og å ta vare på eit representativt utsnitt av norsk natur for ettertida. Det er Stortinget og regjeringa som legg rammene for dette arbeidet.
Nasjonalparkar, naturreservat og andre verneområde vert oppretta av Kongen i statsråd etter ein prosess der grunneigarar, kommunar, fylkeskommunar, lokale og sentrale etatar og nærings- og interesseorganisasjonar får høve til å uttale seg. Fylkesmannen har ansvaret for prosessen i fylka, medan Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for den sentrale prosessen. Heimelen til å opprette nye verneområde ligg i naturmangfaldlova.
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Konsulent landbruk
Eva Nilsen Huke
Telefon 57 65 56 45
Send e-post
Kontortid torsdag og fredag
