Nedgravde oljetankar

Nedgravde oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet. Som grunneigar står du ansvarleg for at oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand. Seinast éin månad før ein oljetank gravast ned, skal du gje skriftleg melding til kommunen om:
· storleiken på tanken
· konstruksjon
· korrosjonsvern
· alder
· karttilvising av kor du ønskjer at tanken skal leggjast ned på eigedommen

Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar er avhengig av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til kommunen. Tankar som permanent blir teke ut av bruk, skal normalt tømmast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til kommunen.
 

Målgruppe

Huseigarar / grunneigarar

Vilkår

Oljetanken er nedgravd til under bakkenivå og ligg slik til at ikkje heile tanken kan inspiserast utvendig
 

Pris

Kr. 1028,- + tillegg etter kommunens regulativ for ansvarsrett

Handsaming

Installasjon av nedgravd oljetank er i utgangspunktet ei søknadspliktig byggjesak. Praksis vil variere noko frå kommune til kommune. Tilstandskontrollar og rehabilitering av oljetank skal berre meldast til kommunen, som fører eit register over nedgravde oljetankar.

Rettleiing
Ta kontakt med oljeselskapet som fyller tanken. Dei kan gje deg informasjon om firma som utfører tilstandskontroll eller utskifting av tank. Du kan også søkje i telefonkatalogen etter firma under oljevern eller farleg avfall.
 

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til kommunen. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen sendast dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
 

Intern informasjon

I utgangspunktet gjeld føresegnene i forureiningsforskriften kap 1. nedgravde oljetankar som har kapasitet til å lagre meir enn 3200 liter olje (jf. § 1-2 første leddet). Kommunen har likevel høve til å la føresegnene gjelde også for mindre tankar (slik for eksempel Oslo kommune har vedteke). Fyll inn kva for kapasitet føresegnene gjeld for under kriterium/vilkår. Det er kommunen som vedtek verkeområdet for forskriften (jf. § 1-2 andre leddet).
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS