Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Telefon: 57 65 56 00
Send e-post
Velkommen til Leikanger
Leikanger er ein liten kommune midt i Sogn. Næraste nabo er regionsenteret Sogndal, vel 20 minuttar køyring frå Leikanger.
Leikanger er administrasjonssenteret i Sogn og Fjordane og vertskommune for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar.
Saman med Sogndal, utgjer Leikanger ei viktig næringsklyngje av offentlege tenester, forskings- og utviklingsmiljø.
Sjansen for å finne ei stilling innanfor din nisje eller ditt spesialfelt er stor i Leikanger kommune. I høve folketalet er variasjonen stor og talet høgt på kunnskapsbaserte arbeidsplassar.
Solrike Leikanger har ein rik frukt- og bærdyrkingstradisjon. Leikanger er den kommunen i Norge med høgste gjennomsnittstemperaturen i året.
Til Leikanger kjem folk frå heile landet og alle verdshjørne. Det gjev nye impulsar, bl.a til eit eit yrande organisasjons- og kulturliv.
Kommunen skorar høgt på “godt å bu-kåringar” og helse- og utdanningsmålingar.
Hjå Opplev Leikanger, eit utviklingsforum og ein paraplyorganisasjon for næringsliv, frivillige lag og privatpersonar i Leikanger, finn du meir informasjon om kommunen.
Kva Leikanger er for deg, må du sjølv finne ut . Velkommen skal du vere!
