Nytt symjebasseng - arbeidet vidare
Arbeidsgruppa som er oppnemnd for å greia ut symjetilbodet i kommunen har engasjert firma Nils Tveit AS frå Drammen til å utarbeida skisseprosjekt for plassering av nytt basseng.
Det skal greiast ut plassering ved ungdomsskulen, ved Sognefjord Hotel og ved barneskulen. Det skal vurderast to ulike lengder på bassenget; 12,5 og 25 m. Dette arbeidet skal utførast no i haust, slik at kommunestyret kan få kostnadsoverslaga til handsaminga av budsjett/økonomiplan. Arbeidsgruppa saman med arkitekten skal presentera heile rapporten om symjetilbodet for kommunestyret i første møte i 2012.
Det har sidan i vinter vore høve til å komma med synspunkt i saka på kommunen si heimeside. Det er komme 21 innspel. Ein vil ha nytt basseng ved ungdomsskulen, seks ved barneskulen og ti ved hotellet. Sju meiner at 25 m er den rette lengda, medan ein meiner at eit opplæringsbasseng på 12,5 m er det rette.
På biletet ser du arbeidsgruppa med arkitekten på synfaring på ungdomsskulen i lag med administrasjonen og rektor.

