Leikanger er ein liten kommune midt i Sogn. Næraste nabo er regionsenteret Sogndal, vel 20 minuttar køyring frå Leikanger.
Leikanger er administrasjonssenteret i Sogn og Fjordane og vertskommune for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar.

Saman med Sogndal, utgjer Leikanger ei viktig næringsklyngje av offentlege tenester, forskings- og utviklingsmiljø. Sjansen for å finne ei stilling innanfor din nisje eller ditt spesialfelt er stor. I høve folketalet er variasjonen stor og talet høgt på kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Til Leikanger kjem folk frå heile landet og alle verdshjørne. Det gjev nye impulsar, bl.a til eit eit yrande organisasjons- og kulturliv.
Kommunen skorar høgt på “godt å bu-kåringar” og helse- og utdanningsmålingar.

Hjå Opplev Leikanger, eit utviklingsforum og ein paraplyorganisasjon for næringsliv, frivillige lag og privatpersonar i Leikanger, finn du meir informasjon om kommunen.

Kva Leikanger er for deg, må du sjølv finne ut . Velkommen skal du vere!

Om Leikanger   Bustad   Fritidsaktivitetar   Bildegalleri