Open brannstasjon 24. september
Som ein del av brannvernveka 2011 inviterer Sogn brann og redning IKS til open brannstasjon på Leikanger laurdag 24. september kl. 11.00-14.00.
Her får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Du kan vere med på konkurransar, prøve noko av brannvesenet sitt materiell og sitje på med brannbil. Borna får ein tøff brannverncaps til odel og eige. I tillegg vert det enkel bevertning.
