Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført, og alle handtverkarane (firma) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde. I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).
Tomteeigarar
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen.
Desse kriteria må vere oppfylde:
· Nabovarsling må vere gjort
· Bustaden må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
· Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Tiltaksklasse 1, eitt trinns handsaming kr. 8224,- + tillegg etter kommunens regulativ for ansvarsrett.
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har hatt merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket.
Rettleiing:
Du må ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil vere ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som eit bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket.
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar g fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker.
Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det kome protestar frå naboar/gjenbuarar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfelle kan ikkje løyvet reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.
Kommunen kan forlenge desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir lengre, så skal søkjaren få melding om det så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halde.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Du vel jølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.
· Forvaltningsloven
· Statens bygningstekniske etat
· Plan- og bygningsloven
· Forskrift om byggesak
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Tenesteleiar
Ervin Johan Beheim
Telefon: 57 65 56 24
