Oppmåling

Oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysingar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing.

Den som utfører oppmålingsforretninga skal ta vare på alle partar sine interesser og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.

I oppmålingsforretning for ny grunneigedom, ny festegrunn, nytt jordsameige og uteareal til eigarseksjon, skal alle grensene merkast og målast i marka og oppgivast med koordinatar. Merking og måling er ikkje nødvendig for grenser som er tilfredsstillande merkte og koordinatbestemte i tidlegare forretning eller sak for jordskifteretten, eller når det er løyve til dette etter § 10 fjerde ledd(Matrikkellova). Koordinatane skal fastsetjast i eit geodetisk grunnlag godkjent av sentral matrikkelstyresmakt.


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21

Send e-post

Web levert av CustomPublish AS