Oppmålingsforretning

 Oppmålingsforretning kan gå ut på å
·Klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytta til fast eigedom (matrikkeleining)
·Skaffe fram alle opplysingar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen.
·Merkje nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova
·Overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring)

Målgruppe

·  Eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
· Personar som har festa grunn for meir enn ti år
· Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Vilkår

Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal
· dele ei matrikkeleining
· feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
· registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
· overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast.

Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna:
· kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering, arealoverføring osb.)
· eigar- og festetilhøve
·  grenser og naboeigedommar vist på kart

Pris

Oppretting av grunneigedom og festegrunn
areal frå 0 – 500 m² kr 6.500
areal frå 501 – 2000 m² kr 11.000
areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da. kr 1.000
Dersom kommunen ikkje overheld fristen for handsaming av saka, skal gebyret avkortast med ein tredel. Blir fristen overskriden med ytterlegare to månader, skal gebyret avkortast med ytterlegare ein tredel

Handsaming

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravd forretninga og alle som har grunnboksheimel til, eller kan godtgjere at dei eig, tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Handsamingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker. Eventuell tid som rekvirenten nyttar for å få søknaden komplett vert tillagt.

Klage

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.

Forvaltningslova
Matrikkellova kap. 7
Matrikkelforskriften kap. 7
Plan- og bygningsloven § 93 bokstav h
Blankettar frå Statens Kartverk

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21

Send e-post

Web levert av CustomPublish AS