Ordførar
Olav Lunden, Arbeidarpartiet
Kontaktinformasjon:
Telefon: 57 65 56 01
Mobil: 95 19 19 57
Adresse: Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Send e-post
Julehelsing 2011
Kommunestyret har halde budsjettmøte, dei nødvendige vedtak er gjorde og representantane fekk sin velfortente juletallerken.
Her hadde vi og markeringa av at Leikangerprisen 2011 var tildelt Aldersheimens vener og Leikanger Røde kors besøksteneste. Begge desse laga har hatt eit levande engasjement for dei eldre og gjort ein fantastisk jobb, og prisen var så absolutt fortent.
Vi hadde og markering av val av nytt kommunestyre. Heile 11 av dei faste medlemane i førre kommunestyre gjekk ut ved valet i haust. Mange av desse har sete i fleire periodar, og dei har gjort ein flott jobb for fellesskapet, og alle vart takka.
Dei nye medlemane vart helsa velkomne og ynskt lukke til.
Vi ser no fram til ei stille og fredfull julehøgtid. Eg vert med på julegudstenesta på sjukeheimen som for meg er ein fin og verdig inngang på juledagane.
Eg vonar alle får ei fin høgtid med vener og familie, men mine tankar går og til dei som sit att med sorga etter den ufattelege tragedien som ramma oss alle den 22.7.
Eg vonar gode minner etter dei som vi mista kan dempa noko av den ufattelege sorga og saknet.
Eg ynskjer alle ei fredfull og God Jul og eit Godt Nytt År
Med venleg helsing
Olav Lunden
-ordførar-
