Personar som har vanskar med å ta seg fram og tilbake til parkeringsplass, kan søke om parkeringsløyve.
Dette løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reserverte plassar utan at du betalar avgift.

Parkeringsløyve for forflytningshemma kan gis enten til førar av motorvogn eller passasjer som har særleg behov for parkeringslettelse i samband med bustad, arbeid og/eller annan aktivitet fordi vedkomande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde.