Pedagogisk-psykologisk teneste

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. 

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sjå for at det vert utarbeidd ei sakkunnig vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak.

PPT-Sogndalsregionen har kontorstad i Sogndal. Her er det kontaktpersonar til barnehagane og skulane i Leikanger, Sogndal og Vik kommunar i tillegg til vidaregåande skular i regionen.

Målgruppe

Born/elevar under 15 år kan visast til tenesta av føresette eller i samråd med barnehage/skule.

Unge over 15 år kan sjølv ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen.

Vilkår

Den som ikkje har eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Pris

Tenesta er gratis

Handsaming

For å få kjennskap til elevar eller klassar må ein vere i miljøet. Difor vil tilsette ved PPT-kontoret vere i skulemiljøet: av og til inne i ein time, andre gonger med ein eller fleire elevar på eit grupperom. Det er eit mål at PPT-kontoret si deltaking i skulemijøet skal opplevast som positiv og naturleg.

Tilsette ved PPT-kontoret kan også vere med på foreldremøte og foreldresamtalar.

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Annan informasjon

Både foreldre og lærarar kan ta kontakt med PPT-kontoret. Utgangspunktet kan vere bekymring som gjeld einskilde elevar eller heile klassen. Kontoret samarbeider med foreldre og lærarar for å finne fram til gode løysingar.

Døme på kva samarbeidet kan gjelde: 

  • Elevar med funksjonshemmingar 
  • Elevar med fagvanskar (t.d. lese- og skrivevanskar)
  • Mobbing 
  • Tilpassingsvanskar 
  • Klassemiljø 
  • Førebygging av vanskar 
  • Individuell tilrettelegging 
  • Undervisningsmetodar
Aktuelle lover og forskrifter

Opplæringslova § 5-6
Forskrift til opplæringslova

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

PPT - Sogndalsregionen:
Lunnamyri 2
6856 Sogndal

Telefon 57 65 70 80
Telefaks 57 65 70 81

Send e-post
Heimeside

 

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS