Er du sterkt funksjonshemma og har behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, kan du søke om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar og kva assistenten skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv til tross for funksjonshemminga.