Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
Kommunen sitt ansvar som lokal barnehagemyndigheit går fram av barnehagelova §8.
I Leikanger kommune skal det gjennomførast tilsyn med alle barnehagane minimum annakvart år
Tilsynet skal vere det same for dei offentlege og den private barnehagen
Generelt ut frå lovverket
Foreldreråd i kvar barnehage
Samarbeidsutval
System for innhenting av politiattestar
Inneareal og uteareal
Norm for pedagogisk bemanning
Grunnlagsmateriale for tilsynet
Vedtekter
Årsplanar
Årsmeldingar
Brukarundersøkingar
Evalueringsrapportar
Jamlege møte med styrarane
Uforsvarlege eller ulovlege forhold i høve til anna regelverk:
Sikkerheit ved leikeplassutstyr
Miljøretta helsevern
Internkontrollhandboka
Brannvern- myndigheiter
Kommunehelsetenesta
Kommunen sin utøving av skjønn
Barnehagens innhald jfr. §2
Barns rett til medverknad jfr.§3
Barnehagens øvrige personale og bemanning i høve til tilfredsstillande pedagogisk verksemd jfr.§18 femte ledd
Barn med særskilde behov
Omsorgstilbod – styrking pga barn med særskilde behov
Spesialpedagogisk hjelp
Kompetanse
Kurs og etterutdanning
Vidareutdanning
Pedagogisk konsulent Jorunn Nyttingnes og sektorleiar Gunnar Steine er fast tilsynsmyndigheit. Andre personar kan delta etter behov som t.d helsesøster, representant frå teknisk etat, barnehagefagleg frå andre kommunar m.m.
Førearbeid
Generelt tilsyn skal meldast på førehand
Pedagogisk konsulent og leiar for oppvekst og omsorg gjennomfører tilsynet (delegering)
Dei kan knyte til seg andre personar – interne og eksterne alt etter kva som er tema for tilsynet
Det skal gå fram av meldinga kva det skal førast tilsyn med, og gjevast fristar for innsending av opplysningar.
Etterarbeid
Det skal skrivast ein rapport etter kvart tilsyn. Rapporten skal vere ei samanfatting av dei forholda som kjem fram ved tilsynet.
Pålegg skal gjevast som enkeltvedtak
Kommunen skal ha fristar og rutinar for oppfølging av pålegg, plan for nye tilsyn, samt rutinar for informasjon til politisk nivå.
Når tilsynsmyndigheita kjem med pålegg, skal det avhengig av kva det er snakk om, gjevast ein rimeleg frist for å rette opp feil og ulovlege tihøve.
Samandrag av tilsynsrapportar vert førelagt kommunestyret i samband med årsmeldinga.
Leikanger kommune vil i 2011 føre tilsyn med barnehagane etter slik plan:
Henjahaugane barnehage - mars 2011
Askedalen barnehage - mai 2011
Nybø barnehage - oktober 2011
Generelt tilsyn på system / internkontroll / HMS
Kommunen vil dette året sjå særleg på:
1. Tal barn i høve til bemanning
2. Tidleg intervenering – har vi gode nok rutinar på å plukke ut dei barna som treng ekstra hjelp og støtte /samhandling med PPT/helsestasjon/barnevernet
Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER
Pedagogisk konsulent
Jorunn Nyttingnes
Telefon 57 65 56 31
Send e-post
