Teneste for psykisk helsearbeid
Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
5858 LEIKANGER
Sjukepleiar
Kristin Cirotzki
Telefon: 57 65 56 83
Mobil: 948 55 192
Send e-post
Prosjektet Aktiv på dagtid - for eldre med psykisk liding – vert i det daglege kalla "eldreprosjektet" og involverer i dag vel 20 brukarar og 11 hjelparar.
Prosjektet kom i stand ut frå ei vurdering hausten 2007 om at det var mange heimebuande eldre med ulike grader av psykisk sjukdom som ikkje hadde noko aktivitetstilbod dei kunne gjera seg nytte av. Ein søknad i samarbeid med Mental Helse til Rådet for psykisk helse, resulterte i svært kjærkomne prosjektmidlar frå Hjerteromsaksjonen, innsamla av Kirkens Bymisjon og Rådet for psykisk helse hausten 2004.
Prosjektleiing:
I prosjektgruppa sit representantar for dei friviljuge organisasjonane Lions, Pensjonistlaget og Røde Kors besøksteneste. Her sit òg leiar for heimetenestene, folkehelsekoordinator, prosjektleiar, prosjektmedarbeidar og leiar for Mental Helse.
Aktivitetsgruppene:
Alt før me fekk prosjektstøtta, vart det sett i gang ei straksløysing med støttekontaktmidlar og felles bruk av kommunal ergoterapeut, og tysdagsgruppa på sjukeheimen vart etablert. Denne bygde på ei eksisterande aktivitetsgruppe og det har blitt naturleg å fortsetje dette samarbeidet, også etter at ergoterapeuten slutta. No planlegg prosjektet ei utviding, slik at tysdagsgruppa får eit anna innhald, og det vert etablert ei ny gruppe som berre består av heimebuande eldre. Med tildelte Folkehelsemidlar kan me realisere eit anna og meir kulturelt prega innhald i tysdagsgruppa, der også bebuarar ved sjukeheimen får eit tilbod.
Frå sommaren 2008 fekk me i gang ei ny mindre gruppe, der målet var å gje eit aktivitetstilbod til heimebuande med demensproblematikk. Kommunal demenssjukepleiar har samarbeidd med prosjektet om etableringa av denne.
Hjelparar og fadrar:
Hjelparane me har rekruttert er støttekontaktar og pensjonistar som har lyst til å gjere ein innsats utan å få den store løna for det. Hjelparane får løn som støttekontaktar. Fleire gjev uttrykk for at det er godt å ha litt forpliktingar og ansvar i pensjonisttilværet, og alle har som utgangspunkt at dei trivst med å jobbe med eldre. Nokre av hjelparane har lang fartstid frå pleie - og omsorgssektoren, noko som er ein verdfull kompetanse i prosjektet.
Ein svært viktig funksjon har sjåførane. På grunn av dårleg kapasitet hos drosjenæringa, har vi vore nøydde til å ordna transport sjølve. Sidan kommunen har avtale om bruk av Syrilbussen, har det blitt løysinga og heldigvis har vi fått fleire gode sjåførar med dei naudsynte sertifikata som deler køyringa mellom seg.
Fadrane besøkjer dei eldre og tek dei med ut på ting som skjer i bygda. Fadrane får ikkje timeløn, men dekking av køyreutgifter. Det har teke noko lengre tid å rekruttera desse, men no har me fleire og me har også interesserte som kan tenkja seg å byrja. Ei utfordring me har er at ikkje alle som ynskjer å vera fadrar har bil og/eller førarkort. Me må sjå på om prosjektet kan løysa dette ved bruk av drosje.
Vidare planar og rekruttering:
Me vonar å kunne utvide aktiviteten i året som kjem, under føresetnad av at Rådet for psykisk helse godkjenner det me har gjort og gjev støtte også i 2009. Då er me også avhengige av å få inn fleire hjelparar og fleire fadrar.
Ta kontakt:
Kan du tenkja deg å vera med å gje heimebuande eldre på Leikanger ein betre kvardag? Kan du tenkja deg å vera hjelpar på aktivitetsgruppe, sjåfør eller fadder? Då tek du kontakt med prosjektmedarbeidar Odda Hildeskor på tlf 92695552 eller prosjektleiar Åse Kongsvik på tlf 57016020.
Teneste for psykisk helsearbeid
Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
5858 LEIKANGER
Sjukepleiar
Kristin Cirotzki
Telefon: 57 65 56 83
Mobil: 948 55 192
Send e-post
