Psykisk helsearbeid

I teamet for psykisk helsearbeid er det fast tilsett sjukepleiar i 80 % stilling. I tillegg er det to miljøarbeidarar som arbeidar i henholdsvis 20 og 10 % stilling.

Kvar finn du oss ?
På Ohnstadhaugen 15, i 2. etasje på sjukeheimen, er basen vår. I tillegg vil vi enkelte dagar vera å treffa på Slippen, eit felles dagtilbod i sentrum. Vi er mykje på farten, så det er lurt å ta kontakt på telefon for avtale.
 

Målgruppe

Tenesta er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt med oss eller ta kontakt gjennom andre instansar.(td.fastlege, Nav, helsestasjon, pleie- og omsorgstenesta. 

Pris

Tenesta er gratis.

Me samarbeider med andre tenester i kommunen; Nav, heimetenestene, legekontoret, helsestasjonen, pleie- og omsorgstenesta. Me samarbeider og med Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal, og psykiatriavdelinga i Førde.

Fysisk aktivitet:
Me tilbyr fysisk aktivitet i fleire former; felles trening innandørs, felles turar eller individuelt opplegg.
Fast treningstid på Fjøs Njøs: Måndag og onsdag kl.11.30 til 12.30.
Ansvarleg er miljøarbeidar Oddbjørg Hildeskor.

Dagtilbod på Slippen, Lundheim 7:
Måndag; opningstid kl 12.30-15.00
Det blir servert lunsj etter trimmen på Fjøs Njøs.
Torsdag; opningstid 11.00-15.00
Det blir servert lunsj frå kl 11.30
Vi legg vekt på både det sosiale samværet ,den gode samtalen og den gode maten.
Eigendel kr. 25.-

Individuelt tilbod:

  • Støttesamtalar i heimen eller på kontoret
  • Samtalar med sjukepleiar
  • Hjelp til å skape orden og struktur i kvardagen
  • Hjelp til å koordinera tilbod frå ulike instansar
  • Lysterapi (utlån av lampe mot vinterdepresjon)
  • Turgåing

Førebyggjande arbeid:
Teneste for psykisk helsearbeid er også involvert i tiltak av førebyggjande karakter.

Eldrekafe:
Stad: Torget på sjukeheimen
Tid: Anna kvar fredag, oddetalsveker, kl. 11.00-13.00

Her legg me tilrette for at heimebuande eldre får treffast for sosialt samvær over ein kaffikopp og nysteikte hellekaker. Det er sang og musikk etter matøkta.
Oddbjørg Hildeskor er ansvarleg for Eldrekafen. Tlf: 92695552
Eldreskyssen plar køyre oppom sjukeheimen for dei som treng å bli henta.
Syrilbussen bringar heim kl. 13.00.
Eigenandel kr. 30.- For dei som nyttar Syrilbussen er eigendelen kr.50.-

Andre tilbod:
Teneste for psykisk helse er også involvert i eit større prosjekt for heimebuande eldre. Folkehelsekoordinator i kommunen er prosjektleiar for tiltaket ”Aktiv på dagtid – for eldre med psykisk liding”. Prosjektet starta i 2008 og er vidareført også i 2010. Sjå meir informasjon under prosjekt.


Brosjyre, skjema, dokument, kart m.m.

Prosjekt: Eldreprosjektet i Leikanger -  Aktivitetstilbod til heimebuande eldre

Eksterne lenker: 
www.leve.no
www.livsmeistring.no
www.mentalhelse.no
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Teneste for psykisk helsearbeid
Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
5858 LEIKANGER

Sjukepleiar
Kristin Cirotzki
Telefon: 57 65 56 83
Mobil: 948 55 192

Send e-post 

Web levert av CustomPublish AS