Kontaktinformasjon til medlemane i rådmannsgruppa:
Tittel Namn   Telefon  E-post
Rådmann Odd Arve Rakstad 57 65 56 02/952 35 834 Send e-post
Kommunalsjef Gunnar Steine 57 65 56 09 Send e-post
Teknisk sjef Ervin Beheim 57 65 56 24 Send e-post
Personalsjef Dagrun Røysum 57 65 56 11 Send e-post
Økonomisjef Ingunn Broch Hauge 57 65 56 17 Send e-post



Odd Arve Rakstad er rådmann i Leikanger kommune og øvste leiaren for den kommunale administrasjonen.
Rådmann Odd Arve RakstadRådmannen er kontaktpunktet mellom dei politiske organa og administrasjonen.
Kommunestyret delegerer avgjerdsmynde til rådmannen som deretter delegerer fullmakt vidare til andre i administrasjonen.
Rådmannen er ansvarleg for at alle saker som blir lagt fram for dei politiske organa er forsvarleg utgreidd.
Rådmannen står til ansvar overfor kommunestyret for korleis kommunen sitt tenesteapparat følgjer opp oppgåvene som skal utførast.

Rådmannsgruppa:

Skal rådmannen greie å ivareta alle oppgåvene, er han avhengig av godt kvalifiserte medarbeidarar som kan leie aktuelle fagområde på vegne av rådmannen.
Såleis er det etablert ei administrativ leiargruppe (rådmannsgruppa) som skal bistå rådmannen med å følgje opp ansvaret og oppgåvene.

Nokre av hovudoppgåvene:

Personalleiing
Organisasjonsutvikling
Økonomi
Planarbeid
Sakshandsaming
Tiltaksarbeid
Informasjon

Medlemar av rådmannsgruppa:

Odd Arve Rakstad – rådmann og leiar av rådmannsgruppa

Gunnar Steine - kommunalsjef med ansvar for leiing og samordning av saker innan sosiale tenester, barnevern, helse, pleie og omsorg, barnehagar og undervisning.

Ervin Beheim -teknisk sjef med ansvar for leiing og samordning av saker innan tekniske tenenster, landbruk, næringsutvikling og overordna planarbeid.

Dagrun Røysum - personalsjef. Ho har ansvar for attførings- og arbeidsmiljøutvalet, samt HMS-arbeidet.

Ingunn Broch Hauge - økonomisjef. Ho har ansvar for budsjett og økonomisaker, herunder eigedomsskatt.