Maksprisen for ein barnehageplass våren 2019 er 2990 kroner. Den vil stige til 3040 kroner frå 1. august.

Maksprisen er fastsett av Stortinget og gjeld alle barnehagar, offentlege og private.  Matpengar kjem i tillegg.

Dersom du har meir enn eitt barn i barnehage, har du rett til søskenmoderasjon på 30 % for barn nummer to og 50 % moderasjon for det tredje barnet eller fleire. Dette skal du få automatisk utan å måtte søkje.

Dersom maksprisen er høgre enn 6 % av familien si samla bruttoinntekt , har du rett til redusert pris. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Søknad skal sendast til kommunen, også for dei som går i privat barnehage.

Frå 1. august 2019 har alle 2-,3-,4- og 5-åringar rett til 20 timar gratis kjernetid dersom dei bur i hushald med brutto skattbar inntekt under 548 500 kroner.

Søknadsskjema til desse 2 ordningane finn du her.

Søknad sender du til Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger saman med siste sjølvmelding, eller leverer den i serviceekspedisjonen på  Tinghuset.

Søknadsfrist 4. juni 2019