Reduksjon i foreldrebetaling

Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2017 gjeld det for husstandar med samla inntekt som er lågare enn 500.500 kroner per år.

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Stortinget har vedteke gratis kjernetid 20 timar per veke for 3-, 4- og 5-åringer i husstandar med samla inntekt under kr 428 000,- per år. Den same ordninga gjeld for barn med utsett skulestart.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Sjølvmelding for 2016 for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du både krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:

* Husstanden si samla kapital- og personinntekt

* Namn på barn og fødselsdato på barnet                                    

* Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                          

* Storleik på barnehageplass.

Ordningane gjeld både for kommunale og private barnehagar.

Søknadsfrist:
1. august  2017 for barn som alt er inne i barnehagen og 15. september for nye barn som startar i barnehagen 15. august.
 

Søknadsskjema finn de her


Søknad med vedlagt dokumentasjon sender de til  Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Vi gjer merksam på at alle må søkje på nytt kvart barnehageår då vedtak gjeld for eitt år om gangen.

Dersom  de har spørsmål om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid, kan de ta kontakt med pedagogisk konsulent Jorunn Nyttingnes på telefon 576 55 631.