Satsar for barnehageåret 2018 – 2019

Stortinget har vedteke at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. For barnehageåret 2018/2019  gjeld dette for husstandar med samla inntekt som er lågare enn 533.500 kroner per år.

Stortinget har vedteke gratis kjernetid 20 timar per veke for 3-, 4- og 5-åringer i husstandar med samla inntekt under kr 533 500 per år. Den same ordninga gjeld for barn med utsett skulestart.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Sjølvmelding for 2017 for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du både krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:

  • Husstanden si samla kapital- og personinntekt
  • Namn på barn og fødselsdato på barnet                                   
  • Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                         
  • Storleik på barnehageplass.

Ordningane gjeld både for kommunale og private barnehagar.

Søknadsskjema finn de her

Søknad med vedlagt dokumentasjon sender de til  Leikanger kommune, Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Dersom  de har spørsmål om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid, kan de ta kontakt med pedagogisk konsulent Jorunn Nyttingnes på telefon 576 55 631.