1. FOLKEVALDE SIN RETT TIL INNSYN I SAKSDOKUMENT 

Medlemer og varamedlemer i folkevalde organ har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument, også interne saksdokument, når slik rett til innsyn ligg føre, jfr. pkt.2 nedanfor, og når dokumenta ikkje inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt, jfr. pkt.3.

2. TIDSPUNKT FOR RETT TIL INNSYN

Retten til innsyn tek til å gjelde når saka er framlagd / send til politisk handsaming. Saman med saksframstillinga skal det fylgje ei oversikt over alle dokumenta som er innsende, innhenta eller utarbeidde i samband med saka, - med unntak av interne arbeidsdokument for administrasjonen.

3. OPPLYSNINGAR SOM ER UNDERLAGDE TEIEPLIKT M.V.

I utgangspunktet gjeld ikkje retten til innsyn opplysningar som er underlagt teieplikt. Kommunestyret og andre folkevalde organ kan likevel ved fleirtalsvedtak krevje innsyn i slike opplysningar når dette er naudsynt for handsaming av ei konkret sak i organet, jfr. Forvaltningslova §13b nr.2 og 4.

Folkevalde får teieplikt i høve til dokument som er underlagde teieplikt eller unnateke offentleg innsyn etter reglane i Offentleglova. Medlemer av folkevalde organ skal underteikne fråsegn om teieplikt.

Når ei sak vert handsama for stengde dører, jfr. Kommunelova §31, skal det ikkje orienterast eller refererast frå drøftingane medmindre vedkomande organ fastset noko anna.

4. KRAV OM INNSYN. TILHØVET TIL ADMINISTRASJONEN.

Førespurnad om innsyn i saksdokument skal gå tenesteveg til vedkomande ansvarlege leiar og handsamast straks.

Spørsmål til administrasjonen om saker som er under handsaming bør det svarast positivt på ved at det blir gjeve ei kort orientering om saksarbeidet, tidsplan m.v.