§ 1. GODTGJERSLE TIL ORDFØRAR 

Ordførar får ei årleg godtgjersle som tilsvarar 86 % av godtgjersla til stortingsrepresentantane.

Ettergodtgjersle skal utbetalast i samsvar med KS sitt normalreglement. Dersom ordføraren ikkje har anna jobb å gå til skal det betalast ettergodtgjersle i tre månadar, om ordføraren har permisjon frå anna arbeid vert det betalt ut 1,5 månadar ettergodtgjersle.

Det vert utbetalt feriepengar dersom ordførar ikkje stillar til gjenval eller ikkje vert gjenvald. Då får ein vanleg feriepengar av siste års godtgjersle som ordførar, med tillegg for ettergodtgjersleperioda.

Ordførar skal innmeldast i kommunen si pensjonsordning. Ordførar beheld løn ved sjukdom eller fødsel- og omsorgspermisjon.

Det vert ikkje utbetalt møtegodtgjersle og evt. erstatning for tapt arbeidsforteneste.

§ 2. GODTGJERSLE TIL VARAORDFØRAR

Varaordførar får ei årleg godtgjersle som skal vere 7,5 % av ordførar si godtgjersle. Godtgjersla skal dekke vanlege ordførar-oppdrag og kortare vikaroppdrag for ordførar under sjukdom, ferie eller andre fråvere. Dersom slike oppdrag utgjer meir enn 18 dagar i året, skal godtgjersle for overskytande tid tilsvare ordførar si godtgjersle.

Varaordførar får utbetalt godtgjersle  til liks med formannskapsmedlemmene  for deltaking i møter i kommunal regi. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 3. GODTGJERSLE TIL LEIAR I FORLIKSRÅDET

Leiar i forliksrådet får utbetalt ei fast årleg godtgjersle tilsvarande 3,61 % av ordførarløna.

Det vert ikke utbetalt møtegodtgjersle. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 4. GODTGJERSLE TIL LEIAR I KONTROLLUTVALET, OVERFORMYNDERIET OG ELDRERÅDET

Leiar i kontrollutvalet og leiar i overformynderiet får utbetalt ei årleg godtgjersle tilsvarande 1,61 % av ordførarløna.

Leiar i eldrerådet får utbetalt ei fast årleg godtgjersle tilsvarande 0,81 % av ordførarløna.

Det vert ikke utbetalt møtegodtgjersle. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 5. GODTGJERSLE TIL MEDLEMMENE AV FORMANNSKAP/ADMNISTRASJONSUTVAL, KOMMUNESTYRE, KONTROLLUTVAL OG FORLIKSRÅD

Medlemmer av formannsskapet får utbetalt ei fast  årleg godtgjersle på 2,5 prosent av ordførarløna.

Medlemmene av kommunestyre, kontrollutval og forliksråd, får utbetalt ei godtgjersle på kr 500 per halvdagsmøte og kr 900 per heildagsmøte. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 6. GODTGJERSLE TIL MEDLEMMENE I OVERFORMYNDERIET, ELDRERÅDET

Medlemer og møtande varamedlemer får utbetalt  0,075 % per møte av ordførarløna. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 7. GODTGJERSLE TIL ANDRE KOMMUNALE STYRE, RÅD OG UTVAL

Medlemer og møtande varamedlemer får utbetalt 0,075 % pr. møte- eller kursdag av ordførarløna. Dekking av tapt arbeidsforteneste vert utbetalt etter dei generelle reglane.

§ 8. ANDRE MØTEGODTGJERSLER

Utsendingar som er valde av politisk organ til å representere kommunen i andre organ enn dei kommunale, får utbetalt ei godtgjersle på kr. 400,- for halvdagsmøte og kr 750,- pr. møte eller kursdag i tillegg til evt. tapt arbeidsforteneste. Dette gjeld likevel ikkje dersom det vert utbetalt møtegodtgjersle etter andre ordningar. Godtgjersla gjeld ikkje for kommunale tenestemenn som møter i kraft av si stilling.

Tilsette i kommunen får møtegodtgjersle når dei deltek i møte som folkevalde eller som valde/utpeikte representantar for dei tilsette i kommunale styre, råd eller utval. Tilsette som tek del i møte i kraft av si stilling får ikkje utbetalt møtegodtgjersle.

Arbeidstakarrepresentanten/-representantane i tilsetjingsutvalet får ikke utbetalt møtegodtgjersle. Den same tolkinga vert lagt til grunn for andre administrative grupper og utval der arbeidstakar-organisasjonane er representert med eigne medlemer.

§ 9. REGULERING AV MØTEGODTGJERSLER

Godtgjersler som er fastsett som kronesum pr. møte vert automatisk justert pr. 01.01. kvart år i samsvar med endringa i konsumprisindeksen.

§ 10. TELEFONGODTGJERSLER

Ordførar får dekka mobiltelefon og breibandslinje av kommunen

Leiar i forliksrådet får utbetalt kr.1.000,- i telefongodtgjersle pr. år.

Leiaren i kontrollutvalet og i eldrerådet får utbetalt kr.500,- i telefongodtgjersle pr. år.

§ 11. DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE

Tapt arbeidsforteneste ved trekk i løn vert dekka på grunnlag av framlagt trekkbevis frå arbeidsgjevar.

Sjølvstendig næringsdrivande og andre utan fast løna arbeid som må forsøme sine ordinære gjeremål for å ivareta eit kommunalt tillitsverv, kan få utbetalt kr. 250,- pr. protokollert møtetime i tidsrommet 0700 – 1700. Evt. krav må fremjast skriftleg.

Godtgjersle for tapt arbeidsforteneste kan utbetalast for alle møte i kommunale organ og andre møte der ein person er utpeikt til å representere kommunen. Det same gjeld for deltaking i kurs, konferansar, synfaringar m.v. i og utanfor kommunen.

§ 12. AVKORTING I ÅRLEG UTBETALT GODTGJERSLE

Dei som mottek fast årleg møtegodtgjersle etter ein prosentandel av ordførarløna, vert trekt 25 % i godtgjersle dersom fråværet utgjer meir enn ¼ av møta. Fråvær utover sistnemnde vert trekt med 10 % pr møte.

§ 13. REISEGODTGJERSLE

Godtgjersle for reise til og frå møte eller kurs og kost- og overnattingsgodtgjersle vert utbetalt i samsvar med reglane i det kommunale reiseregulativet. Minste avstand er 6 km kvar veg.

Ordførar får utbetalt for tenestekøyring i samsvar med reglane i reiseregulativet. Det skal førast køyrebok.

§ 14. FOLKEVALDE MED OMSORGSANSVAR

Folkevalde med omsorgsansvar får etter rekning dekka dokumenterte utgifter til nadusynt tilsyn avgrensa til reglane for dekking av tapt arbeidsforteneste. Det er ein føresetnad at omsorgsansvaret elles ville ha hindra/gjort det vanskeleg for den folkevalde å delta på møte.

§ 15. ANDRE REGLAR

Politisk tillitsvalde som må melde forfall til møte på grunn av sjukepermisjon, omsorgspermisjon eller liknande, kan ha rett til kompensasjon frå folketrygda for tapt møtegodtgjersle. Ta kontakt med trygdekontoret for nærare opplysningar.

§ 16. TOLKING AV GODTGJERSLEREGLEMENTET

Tvil om korleis godtgjerslereglementet skal tolkast vert handsama og avgjort av ordførar/formannskap.

§ 17. REVISJON

Reglane om godtgjersle skal vurderast for revisjon kvart 4. år.