§1 SAMANSETJING OG VAL 

Leikanger formannskap skal ha 5 medlemer, valde av og blant medlemene i kommunestyret. Valet skal gå føre seg som høvetalsval.

Om plikt til å ta imot val gjeld reglane i Kommunelova §14.

§2 ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE

Formannskapet har ansvar for å gjere framlegg til kommunestyret i saker som gjeld
Økonomiplan
Årsbudsjett
Skattevedtak
Kommuneplan og andre tverrsektorielle planar

Formannskapet skal vidare gjere framlegg i saker der slik mynde er gjeve gjennom eige delegeringsreglement.

Formannskapet skal fungere som finansutval.

Mellom formannskapet sine medlemer skal kommunestyret velje 5 medlemer som saman med dei tilsette sine representantar skal fungere som administrasjonsutval.

Formannskapet fører kontroll med at vedtak innanfor organet sitt ansvarsområde vert gjennomførde.

§3 AVGJERSRETT

Formannskapet har avgjersrett i saker der dette er fastsett i lov, i medhal av lov, eller i eige delegeringsreglement.

§4 FORMANNSKAPET SINE MØTE

Formannskapet skal halde møte i samsvar med vedteken møteplan. Formannskapet kan elles halde møte når ordføraren finn det turvande eller når minst 2 av medlemene krev det.

Formannskapet skal til vanleg kallast inn med minst 7 dagars varsel, møtedagen medrekna.

Innkalling og saksdokument skal sendast til medlemene, varamedlemene og alle andre som har møterett. Alle saker som er offentlege skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i Service- ekspedisjonen og i biblioteket.

Formannskapet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Vedtak kan gjerast med vanleg fleirtal. Ved likt røystetal er ordføraren si røyst avgjerande.

Administrasjonssjefen eller den han har gjeve fullmakt har møte- og talerett i formannskapet. Administrasjonssjefen eller den han har gjeve fullmakt har framleggsrett i saker som ikkje vedkjem økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Formannskapet kan likevel vedta at administrasjonssjefen også skal ha framleggsrett i slike saker.

Under handsaming av saker som ikkje er offentlege skal møtet haldast for stengde dører.

Det skal førast møtebok. Fø r møtet er slutt skal møteboka opplesast og godkjennast. Utskrift skal utan opphald sendast til dei som har møterett og til medlemene i kommunestyret og den administrative leiargruppa. Utskrift skal også sendast til leiar i kontrollutvalet og til revisor. Utskrifta skal ikkje gje att innhaldet i saker som ikkje er offentlege.

Utskrifta skal utleggjast til offentleg gjennomsyn i Serviceekspedisjonen og i biblioteket.

§5 SEKRETARIAT FOR FORMANNSKAPET

Sekretariatsfunksjonen for formannskapet er lagt til rådmannen.

§6 SUPPLERANDE REGLAR

Med omsyn til møteplikt, møteleiing, habilitet, røysting m.v. gjeld føresegnene i gjeldande reglement for Leikanger kommunestyre.