§1 SAMANSETJING 

Leikanger kommunestyre skal ha 17 medlemer. Om plikt til å ta imot val til kommunestyret og andre kommunale organ gjeld Kommunelova §7.

§2 SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET

Med unntak av dei saker som etter særreglar skal handsamast på annan måte, jfr. m.a. kontrollutvalet sine oppgåver, har administrasjonssjefen ansvaret for at dei saker som skal leggjast fram for kommunestyret er førebudde på forsvarleg måte slik det er fastsett i lov, reglement eller andre bindande føresegner.

Formannskapet gjer framlegg til kommunestyret i saker som gjeld økonomiplan, årsbudsjett, kommuneplan og anna tverrsektorielt planarbeid. Hovedutvala gjer framlegg til vedtak i samsvar med gjeldande reglement for utvalet.

Administrasjonssjefen har ansvaret for at sekretariatet sender ut sakliste med saksutgreiing og framlegg til vedtak til kommunestyremedlemene og eit høveleg tal varamedlemer.

Sakliste skal óg sendast til distriktsrevisjonen, leiarane i dei politiske partia og medlemene i leiargruppa. Dessutan til dei aviser og andre media som ein finn høveleg. Saklista, evt. med framlegg til vedtak i dei einskilde saker, skal leggjast ut på kommunen si heimeside på Internett.

Dokument som etter ordføraren si vurdering akal handsamast som IKKJE OFFENTLEG skal berre sendast til dei som treng slike dokument for å kunne ta avgjerd i saka. Dei som mottek desse dokumenta er ansvarlege for trygg handsaming og makulering.

§3 INNKALLING TIL MØTE. DOKUMENTUTLEGGING

Kommunestyret held møte etter den møteplan organet sjølv har vedteke, eller når ordføraren finn det turvande, eller når minst 1/3 av medlemene krev det.

Ordføraren kallar kommunestyret inn til møte, både ved utsend innkalling og ved offentleg kunngjering. Innkallinga og kunngjeringa skal gje opplysning om tid og stad for møtet og kva saker som skal handsamast. Innkalling og sakliste skal til vanleg sendast ut minst 7 dagar før møtet, møtedagen medrekna.

Samstundes med kunngjeringa av møtet skal saklista, saman med andre dokument som er offentlege, vere tilgjengelege for allmenta ved utlegging i Service- ekspedisjonen og i biblioteket.

Medlemene i kommunestyret kan få tilgjenge til alle saksdokument ved å vende seg til sekretariatet.

§4 MØTEPLIKT. FORFALL. VARAMEDLEMER

Den som er vald som medlem i kommunetyret, pliktar å ta del i kommunestyret sine møte medmindre vedkomande har lovleg forfall. Dersom nokon ikkje kan møte på grunn av slikt forfall, skal vedkomande straks melde frå om dette til sekretariatet og opplyse om forfallsgrunn. Sekretariatet skal då utan opphald kalle inn varamedlem i den rekkefylgje lista viser. Dette gjeld også dersom eit medlem seier seg ugild i handsaminga av ei sak og slik ugildskap kan godkjennast.

Forfall under møtet skal straks meldast til ordføraren. Varamedlem som er til stades, eller som kan kallast inn, skal då ta sete i staden for den som må gå frå. Eit varamedlem som er lovleg innkalla kan ikkje gå frå før ei påbyrja sak er ferdig, jamvel om den fast representanten eller eit varamedlem som står lenger framme i rekkfylgja kjem til under saksførehavinga.

§5 ADMINISTRASJONSSJEFEN OG ANDRE SI DELTAKING I MØTET

Administrasjonesjefen har møteplikt. Han har talerett, personleg eller ved den han utpeikar. Administrasjonssjefen syter for turvande sekretariathjelp under møtet.

Næring- og utviklingssjef og oppvekst- og omsorgssjef har også møteplikt. Andre kan, når særslikde frøresegner gjev rett til det, delta på møtet med dei rettar og plikter som er fastlagde i dei einskilde høve. Kommunestyret avgjer elles om andre enn dei som er nemnde kan ta del i møtet på same måte.

§6 MØTEPRINSIPP. MØTESTYRING. OPNE ELLER LUKKA MØTE

Kommunestyret gjer sine vedtak i møte. Møtet skal som hovedregel haldast for opne dører. Ordføraren eller varaordføraren styrer møtet. Dersom begge har forfall, skal kommunestyret velje møteleiar (setteordførar) ved fleirtalsval.

Ordføraren kan gje løyve til at drøftingane i kommunestyret vert tekne opp på lydband, video el.l. eller vert kringkasta over radio eller fjernsyn dersom dette ikkje vil verke uroande på gjennomføringa av møtet. Slikt løyve kan berre gjevast under opne møte.

Kommunestyret kan vedta å handsame ei sak for stengde dører når omsynet til personvern eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det. Før vedtak om lukka dører vert gjort, skal spørsmålet drøftast dersom ordføraren krev det eller kommunestyret vedtek det.

Personalsaker skal alltid handsamast for lukka dører.

Kommunestyret kan vedta reglar om sakshandsaming for lukka dører i andre kommunale organ eller gje pålegg om at møte i visse organ skal skal haldast for lukka dører nåe dette vert gjort ut frå personvern eller av omsyn til den interne sakshandsaminga i kommunen.

Dersom det er gjort vedtak om at dørene skal stengjast, har dei som sit i kommunestyret og dei kommunale tenestemenn som er til stades og andre som tek del i møtet, plit til å teie om drøftingane dersom ikkje kommunestyret vedtek noko anna. Dersom vedtaka skal vere unnateke offentleg innsyn, må det gjerast vedtak om det. Teieplikta står ved lag inntil noko anna er fastsett, eller inntil grunnlaget for vedtaket om stengde dører ikkje lenger er til stades.

§7 MØTET TEK TIL

På det tidspunkt som er fastsett ropar ordføraren opp dei som sit i kommunestyret og dei varamedlemer som er kalla inn. Er det lovlege minstetalet til stades, dvs. halvdelen av representanttalet, seier ordføraren møtet for lovleg sett.

Møtet er ope for tilhøyrarar så lenge dette ikkje er i strid med §6, 3.avsnitt.

Under møtet kan ingen av kommunestyrerepresentantane gå ut av salen for kortare eller lengre tid utan å melde frå til ordføraren.

Under langvarige møte skal ordføraren sjå til at det vert sett av høveleg tid til pausar.

Medlemer og/eller varamedlemer som kjem til etter at møtet er sett, eller som tek sete for andre medlemer/varamedlemer, må før slikt skifte melde frå til ordføraren slik at skiftet blir lovleg protokollert.

§8 MØTEFORMA OG REKKEFYLGJA I SAKSHANDSAMINGA M.V.

Dersom ordføraren eller nokon frå kommunestyret reiser tvil om meldt/umeldt forfall til medlemer som ikkje er til stades, skal forfallet drøftast og klargjerast/godkjennast.

Det same gjeld spørsmål knytt til innkalling og sakliste.deretter skal kommunestyret handsame dei sakene som er nemnde i innkallinga. Sakene skal til vanleg handsamast i den rekkefylgje dei har på saklista. Spørsmål og interpellasjonar skal alltid kome til slutt, etter dei ordinære sakene. Kommunestyret kan i særskilde høve gjere vedtak om ei anna rekkefylgje.

Er ei sak teken opp til realitetshandsaming, må møtet halde fram til saka er avgjord eller til det er gjort vedtak om at saka skal utsetjast.

Dersom ikkje møteleiar eller 1/3 av representantane motset seg det, kan kommunestyret ta opp til realitetsavgjerd og gjere vedtak også i saker som ikkje er nemnde i innkallinga eller som ikkje står på saklista.

§9 INHABILITET

Den som er inhabil i ei sak, jfr. Kommunelova §40 og habilitetsreglane i Forvaltningslova, kan ikkje vere med og drøfte eller avgjere ei sak. Når eit kommunestyremedlem veit at han/ho er inhabil eller det kan reisast tvil om habilitet, må vedkomande ved mottak av innkalling til møtet straks melde frå til sekretariatet slik at varamedlem kan varslast og kallast inn. Jfr. elles §4, 2.avsnitt.

§10 MØTELEIAR SI SAKSUTGREIING. REKKEFYLGJA MELLOM TALARANE

Ordføraren skal lese opp sakstittelen som er brukt i innkallinga og kort gå gjennom hovedtrekka i framlegget. Dersom det er meiningsskildnader i framlegget (fleirtal/mindretal), skal ordføraren orientere om dette. Dersom det er kome til nye skriftlege saksopplysningar, skal ordføraren leggje fram desse opplysningane. Ordføraren kan gje ei kort saksutgreiing dersom det er turvande.

Ordføraren spør så om nokon vil ha ordet. Talarane får ordet i den rekkefylgje dei har bedt om det.

§11 INNLEGG I ORDSKIFTET

Talarane skal bruke talarstol og rette orda sine til ordføraren, ikkje til møtelyden. Dei skal halde seg nøye til saka eller til den del av saka som ordskiftet gjeld. Ordføraren skal sjå til at dette vert gjort. Talarane må ikkje ordleggje seg på ein slik måte at møtelyden eller andre har grunn til å kjenne seg krenkte. Ingen må gje uttrykk for si meining ved å lage bråk eller uro i salen.Utan at ordføraren eller kommunestyret har gjeve løyve til det, må ingen ved bruk av plakatar eller på annan visuell måte gje uttrykk for sitt syn.

Ordføraren skal åtvare møtedeltakarar som bryt desse føresegnene, to gonger om det trengst. Hjelper ikje det, kan ordføraren ta ordet frå talaren eller la møtelyden røyste over spørsmålet om vedkomande skal stengjast ute frå resten av møtet.

§12 MØTESTYRING

Ordføraren kan berre avbryte ein talar dersom talaren bryt føresegnene i dette reglementet eller gjer seg skuldig i ei mistyding som må rettast. Vil ordføraren ta del i ordskiftet med meir enn den utgreiinga som er nemnt i §10, og det ikkje gjeld heilt korte innlegg, må han melde seg på talarlista og få ordet når hans tur kjem. I slike høve må ordførar overlate møteleiinga til varaordførar.

§13 TALETID OG ORDSKIFTESLUTT

Ved starten av møtet eller før/etter at ordskiftet har teke til, kan kommunestyret med vanleg fleirtal vedta kor lang taletida for kvart innlegg skal vere. Med vanleg fleirtal kan det gjerast unntak frå dette for ordføraren, for kvart politisk parti, og for personar som er valde til saksordførarar for ei gruppe i møtelyden. Med vanleg fleirtal kan kommunestyret óg gjere unntak for administrasjonssjefen og i særlege høve også for tenestemenn som på vegne av administrasjonssjefen greier ut saker. Ordføraren kan gje løyve til replikkordskifte. Dersom ordføraren har sett sluttstrek for å melde seg på talarlista, og det vert gjort nye framlegg i saka, skal ordføraren gje høve til ordskifte om dei nye framlegga.

Finn ordføraren at ei sak er ferdigdrøfta, gjer han framlegg om at ordskiftet vert avslutta og saka teken op til røysting. Dei som står att på talarlista skal få høve til å avslutte. Kommunestyret kan med vanleg fleirtal vrake eit slikt framlegg og vedta at ordskiftet skal halde fram.

§14 FRAMLEGG

Kommunestyremedlemene har rett til å gjere framlegg for politisk handsaming i kommunestyret. Berre valde representantar eller møtande varamedlemer kan gjere framlegg i møte.

Framlegget skal formast ut skriftleg, skrivast under av den som set det fram, og leverast til ordføraren. Framlegg om personar som skal veljast eller tilsetjast kan likevel fremjast munnleg. Dette gjeld óg framlegg om at saker som står på saklista skal utsetjast eller sendast attende til underordna politisk organ. Det gjeld vidare framlegg som går på at eit framlegg skal vrakast.

Administrasjonssjefen eller den som møte i hans stad har talerett, men ikkje formell framleggsrett. Evt. framlegg frå administrasjonssjefen må derfor takast opp og fremjast av personar som har framleggsrett i høve til dette reglementet.

Ordføraren skal ta oppatt og referere framlegga før røystinga finn stad. Dersom eit framlegg er omfemnande, skal ordføraren sjå til at framlegget vert trykt opp og delt ut for gjennomlesing før røystinga.

§15 RØYSTING

Når ordskiftet er slutt tek ordføraren saka opp til røysting. Frå då og til røystinga er avslutta skal det ikkje vere meir ordskifte om saka eller gjerast nye framlegg. I dette tidsrommer er det heller ikkje høve til å ta opp andre saker.

Berre dei som er møtande representantar/vararepresentantar til kommunestyret, og som er i salen når saka blir teken opp til røysting, har røysterett. Med unntak av saker som gjeld val og tilsetjingar der det er høve til å røyste blankt, jfr. Kommunelova §40, pkt.2, har medlemene plikt til å røyste. Medlemene kan ikkje forlate salen før røystinga er avslutta.

Er ei sak oppdelt, eller det skal røystast over meir enn eitt framlegg, gjer ordføraren framlegg om rekkefylgje for røystingane. Blir det ordskifte om dette, avgjer kommunestyret ved vanleg fleirtal rekkefylgja på dei framlegga som skal takast opp til røysting.

§16 PRØVERØYSTING

Før endeleg røysting i ei sak kan kommunestyret halde prøverøysting. Denne røystinga er ikkje bindande. Er framlegget som ligg føre oppdelt i postar eller paragrafar, bør det til vanleg haldast prøverøysting over kvar einskild post eller paragraf, og så .- med eller utan prøverøysting — røystast over heile framlegget.

§17 RØYSTEMÅTEN

Kommunestyret kan røyste på éin av desse måtane:

Ordføraren refererer/les opp framlegget og spør om nokon er usamd i det. Dersom ingen seier seg usamd, er det stillteiande godkjent.

Ordføraren oppmodar dei som er imot eit framlegg om å reise seg eller rekke opp handa. Når ordføraren eller ein annan krev det, skal det haldast kontrarøysting ved at dei som stør framlegget reiser seg eller rekker opp handa.

Ordføraren roper opp namna på dei røysteføre (loddtrekking om 1.representant) og ber dei svar JA eller NEI til framlegget. Ordføraren har ansvaret for at røystinga skjer i kontrollerte former med avkryssing for kven som svarar ja eller nei. Namneopprop skal nyttast dersom ordføraren eller éin av dei røysteføre krev det, og dette får støtte frå minst ¼ av representantane.Likeeins skal det haldast namneopprop når ordføraren eller minst ¼ av dei røysteføre meiner at utfallet av ei røysting etter pkt.2 (med kontrarøysting) ikkje er heilt viss.

Det skal røystast utan ordskifte over spørsmålet om det skal vere namneopprop, og på den måten som er nemnt under pkt.2.

Ved val og tilsetjingar kan kvart einskild medlem krevje skriftleg røysting, jfr. Kommunelova §35, pkt.5. Røystesetlane skal ikkje underteiknast. Til å telje og kontrollere røystene nemner ordføraren opp to medlemer frå kommunestyret saman med sekretariatet.
Dersom det ved røysting oppstår likt røystetal, gjeld fylgjande:
Ved likt røystetal i andre saker enn val er ordføraren si røyst avgjerande, jfr. Kommunelova §35, pkt.1.
Ved likt røystetal som gjeld val, jfr. Kommunelova §§ 35, 36 og 37, vert utfallet avgjort ved loddtrekking.
Ved likt røystetal under skriftleg røysting ved tilsetjingar vil ordføraren si røyst vere avgjerande. Ordføraren må derfor i slike høve gje til kjenne korleis han har røysta.

§18 FØRESPURNADER OG INTERPELLASJONAR

Førespurnader:
Utanom dei sakene som står i innkallinga til komunestyremøtet kan medlemer og varamedlemer som er til stades rette førespurnader til ordføraren, jfr. Kommunelova §34, pkt.2.
Dersom ein førespurnad er sett fram kortare tid enn 2 dagar før møtet eller under møtet, kan ordføraren nøye seg med eit kort munnleg svar med ein gong og supplere dette med eit meir utfyllande svar i neste møte. Ordføraren kan la administrasjonssjefen svare eller ein annan som svarar på administrasjonssjefen sine vegne. Ved handsaming av spørsmål kan den som spør og den som svarar ha eitt innlegg kvar. Dei kan dessutan ha ordet éin gong kvar til konkrete merknader. Ingen andre kan ha ordet.

Interpellasjonar:
Førespurnader av prinsipiell art, der det vert føresett meir omfemnande svar og evt. drøfting, vert handsama som interpellasjon. Interpellasjonar bør meldast skriftleg minst 7 dagar før møtet. Dersom interpellasjonen vert meld seinare, kan ordføraren nøye seg med med eit kort førebels svar og ta saka opp til full handsaming i neste møte. Under den fulle handsaminga av saka kan interpellanten, ordføraren og den som svarar på interpellasjonen, dersom dette er ein annan enn ordføraren, få ordet 2 gonger. Ut over dette skal ingen ha ordet meir enn 1 gong.

Rekkefylgje/tidsbruk ved førespurnader/interpellasjonar:
Førespurnader og interpellasjonar skal normalt handsamast i den rekkefylgje dei kjem inn. Kommunestyret kan, med vanleg fleirtal, fråvike dette. Førespurnader og interpellasjonar skal handsamast til slutt, etter at ordinær sakliste er ferdighandsama. Det kan nyttast inntil 30 minuttar til førespurnader og interpellasjonar ved kvart kommunestyremøte.

Temadrøftingar/orienteringar.
Ordføraren, i samråd med kommunestyret, kan leggja opp til temadrøftingar/orienteringar om aktuelle emne. Slike møte eller deler av møte skal vere klårt skilt frå det ordinære møtet/den ordinære saklista og skal enten leggjast i forkant eller i etterkant av eit ordinært møte eller som eit særskilt temamøte.

Framlegg m.m.:
Under føresetnad av at eit fleital i kommunestyret er samd i det, skal framlegg som er fremja under førespurnader og interpellasjonar normalt sendast over til det politiske organ som har ansvaret for saksområdet. Dersom slik oversending vert vedteke, skal saka helst handsamast på eit av dei første 3 møta i dette organet, med mindre kommunestyret fastset noko anna.

§19 UTSENDING AV SAKER. UTSKRIFTER M.M.

Kommunestyremøtet skal kunngjerast i samsvar med §3 i dette reglementet. Saksdokumenta skal til vanleg sendast ut frå administrasjonen seinast 7 dagar før kommunestyremøtet.

§20 SENDENEMNDER. MOTTAKSNEMND

Når utsendingar frå samskipnader og grupper ynskjer å møte kommunestyret for å gje fråsegn i ei sak, skal dei seinast dagen før møtet vende seg til ordføraren med spørsmål om dette. Kommunestyret avgjer med vanleg fleirtal om utsendingane skal bli mottekne. Har kommunestyret gitt sitt samtykke, skal ei mottaksnemnd møte dei utanfor møtesalen. Dersom det er mogeleg, skal kvar partigruppe i kommunestyret vere representert i nemnda. Ordføraren eller varaordføraren leier nemnda dersom nokon av desse tek del i møtet. Elles kan nemnda sjølv velje leiar.

Når nemnda har gjort greie for ynskjemåla sine, evt. levert fråsegn i skriftleg form til mottaksnemnda, skal leiaren for nemnda gje kommunestyret melding om ærendet til utsendingane. Gjeld det ei sak som står i innkallinga, skal leiaren gje melding når saka er føre. Elle sak meldinga gjevast når kommunestyret har gjort seg ferdig med dei sakene som er nemnde i innkallinga. Då gjeld reglane om framlegg i samband med spørsmål/interpellasjonar, jfr.§18.

§21 ORDEN I SALEN OG I BYGNINGEN

 

Ordføraren skal syte for ar det er ro og orden i møtesalen og i bygningen elles. Han skal syte for at talarane ikkje vert avbrotne eller uroa på annan måte. Blir saksførehavinga og møtet heft på grunn av uro og oppstyr i salen eller i bygningen elles kan uromakarane visast ut. Det same gjeld dersom den eller dei syner framferd som er i strid med god orden. Teikningar eller anna skriftleg framstilling må ikkje setjast opp i salen når det er møte utan at ordføraren eller kommunestyret har gjeve løyve til det. Det skal ikkje leggjast ut materiell til kommunestyrerepresentantane utan etter godkjenning frå ordføraren.

§22 MØTEBOK. MØTESLUTT

Det skal førast møtebok over kommunestyret sine møte, jfr. Kommunelova §30 pkt.3. Ordføraren har ansvaret for tilfredsstillande føring av møteboka.

For kvart møte skal det i møteboka førast inn møtestad og møtetid, innkallingsdag og innkallingsmåte, og namna på fråverande medlemer og møtande varamedlemer. Kjem nokon til eller går frå under møtet, skal dette førast inn, slik at møteboka, saman med lista over dei som er valde, syner kven som har teke del i kvar sak.

Møteboka skal elles vise gangen i saksførehavingane og at kommunestyret har fylgt gjeldande lover og reglement. Sakene skal protokollerast etter nummerorden for kvart kalenderår. Kvar sak skal ha saksnamn som lett gjev opplysning om kva saka gjeld. Framlegg frå formannskap, sektorutval eller andre med framleggsrett og framlegg som kjem til under møtet skal protokollerast. Det same gjeld alle realitetsrøystingar. Unnateke frå dette er framlegg som vert trekte før dei vert tekne opp til realitetsrøysting.

Ordførar avgjer om utsegner (protokolltilføringar) skal førast i møteboka. Kjem det motmæle mot ei slik avgjer, skal kommunestyret ta avgjer i spørsmålet. Også opplysning om kva for førespurnader og interpellasjonar som var oppe skal protokollerast.

Møteboka skal lesast opp og godkjennast av kommunstyret. Ingen representantar får gå frå møtet før dette er gjort.

Ordførar og 2 representantar valde av og mellom kommunestyret sine medlemer skal skrive under møteboka.

Snarast etter møtet vert det teke utskrift av møteboka, der alle vedtak og utsegner (protokolltilføringar) vert gjevne att, og der opplysningar om møtedato, møtetid og kven som var til stades kjem fram.

Utskrift av møteboka skal sendast til alle som får tilsendt innkalling/sakliste og til andre organ/personar som ut frå sin funksjon treng utskrift frå møtet.

§23 OFFENTLEGGJERING

Saklister til — og utskrifter frå — møta i kommunestyret er i utgangspunktet offentlege dokument. Med dei unntaka som er fastsett i lov og forskrift og i §6 i dette reglementet skal desse dokumenta vere tilgjengelege for publikum i Serviceekspedisjonen i Tinghus I.

§24 KOMMUNSTYRET SITT TILSYNS- OG KONTROLLANSVAR

Kommunestyret har det øvste tilsynet med kommunen si samla forvaltning, jfr. Kommunelova §60, pkt.1. Gjennim kontrollutvalet, jfr. Kommunelova §60, pkt.2 m.v. fører kommunestyret fortløpande kontroll. Nærare reglar om kontrollutvalet sitt arbeid er fastsett i eige reglement.

§25 KRAV OM Å TA OPPATT EI SAK SOM ER AVGJORT

Formannskapet eller sektorutvala kan avvise krav om ny førehaving av saker som er lovleg avgjorde av kommunestyret, dersom kravet kjem før det er gått 3 månader frå den dagen kommunestyret gjorde endeleg vedtak i saka. Også andre kommunale organ som direkte førebur ei sak for kommunestyret kan avvise slikt krav. Desse føresegnene gjeld ikkje krav om ny førehaving som kjem frå eit departemenet eller frå fylkesmannen.