All utbygging skal skje etter reguleringsplanar. Private utbyggjarar skal fremja reguleringsplanar for sine område.

Arealdelen i kommuneplanen fastset korleis dei ulike areala kan nyttast.

Handsaming av reguleringsplanar er regulert gjennom Kap.12 i Plan- og bygningslova. Prosessen for private planframlegg startar opp med eit møte med kommunen. Utbyggjarar syter deretter for varsel om oppstart av planarbeidet til naboar, andre planstyresmakter og kunngjering i Sogn Avis. Framlegg til reguleringsplan vert deretter sendt kommunen, som vedtek om framlegget skal sendast ut på høyring. Etter høyringsrunden vert planen lagt fram for kommunestyret til vedtak.
Handsamingstida er frå åtte månader til eit år. Sakene vert handsama etter kvart som dei kjem inn.