Tilbodet er ope for alle som planlegg utanlandsreise og som treng råd, rettleiing og vaksinering.
Tilbodet er på helsestasjonen, og helsestasjonen og legetenesta samarbeider om tilbodet.

Bestill time ved helsestasjonen tlf. 57655663/47978837 (måndag og torsdag) i god tid før reisa. Det må påreknast venting grunna kapasitet på helsestasjon og vi reknar minst 14 dagar før avreise slik at vaksina har effekt. Ta med dokumentasjon over tidlegare vaksinering om du har fått vaksiner andre stader enn hjå oss.

Pris:
1.gongs konsultasjon barn                   kr. 120,-
1.gongs konsultasjon vaksen               kr. 200,-
2.gongs konsultasjon/revaksinering     kr. 120,-
Materialutgifter                                   kr.   50,-