Renovasjon


Opningstid på Kvålen Miljø- og avfallsstasjon: torsdag 12.00-18.00
.

Det er Leikanger kommune som har hovudansvaret for renovasjonen i kommunen, men det er det interkommunale selskapet SIMAS IKS som administrerer ordninga i praksis.
 

Alle spørsmål om ordninga, inkludert søknad om dispensasjon frå ordninga, skal rettast til Simas, tlf. 57 65 70 70 eller e-post firmapost@simas.no

Hentefrekvensar :
Dunkane for våtorganisk avfall (brunt lok ) vert henta kvar 14. dag. Dunkane for restavfall (grått lok) vert henta kvar 4. veke. Dunken for papp/papir (blått lok) vert henta kvar 4. veke. Renovasjonskalenderen med oversikt over dei ulike hentedagane finn du til høgre under Dokument.

Dunkane skal plasserast på tilvist stad innan kl. 07.00 hentedagen. Treng du andre storleikar på dunkane, eller du ynskjer å levere saman med andre, ta kontakt med SIMAS.


miljøstasjonen på Kvålen kan du levere avfall som ikkje får plass i dei vanlege avfallsdunkane.

Frå 01.01.2010 er det vedteke betaling på miljøstasjonane:
-Personbil/stasjonsvogn (minstepris) kr 70,-
-Liten varebil kr 100,-
-Bil med einaksla hengar kr 100,-
-Bil med toaksla hengar kr 200,-
-Varebil (kassebil, pick up) kr 200,-
-Varebil + hengar kr 400,-
Alle prisane er inkl. mva.

Traktor med hengar og lastebil får ikkje levere på miljøstasjonane.
Større mengder avfall skal leverast til Festingdalen på Kaupanger.
Hageavfall, EE-avfall og landbruksplast er gratis.

NB! Betaling berre med kort!

Sjå meir informasjon hjå Simas 
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Per Gjerland
Telefon 57 65 56 23

Send e-post

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS