Rus- og førebyggjande teneste

Råd, rettleiing og oppfølging for dei som opplever problem relatert til rusmidlar.
Kommunen har det heilskaplege ansvaret for å førebyggje og avhjelpe rusmiddelproblem.

Tenesta omfattar mellom anna:

Tilbod om uforpliktande samtale for å avklare aktuell situasjon og vurdere behov for vidare oppfølging.

Medvirke til kontaktetablering og samarbeid med andre aktuelle deler av hjelpeapparatet, både i kommunen og utanfor, inkludert spesialisthelsetenesta.
Ved behov for å vurdere vidare behandling i spesialisthelsetenesta, vil Nav normalt henvise til Indre Sogn psykiatrisenter. Aktuell behandling i spesialisthelsetenesta kan til dømes vera poliklinisk samtale og/eller innlegging på behandlingsinstitusjon.

Ansvaret for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) ligg hjå spesialisthelsetenesta, men all helsehjelp, uansett om den blir ytt av kommunen eller spesialisthelsetenesta, utløyser pasientrettar etter pasientrettigheitslova.

Kommunen har som oppgåve å følgje opp personar under og etter behandling i spesialisthelsetenesta.

Rus- og førebyggande teneste er ansvarleg for drift av ”Ungdomsslippen” – eit tilbod til alle ungdommar frå 9. klasse og oppover i Leikanger.
 

Målgruppe

Alle som opplever å ha ei utfordring i forhold til rusmidlar, eller som står i fare for å få det.
Familie, vener og andre pårørande til personar med problem relatert til rusmidlar er også i målgruppa.
Ta kontakt dersom du er i tvil om du er i målgruppa.
 

Vilkår

I utgangspunktet blir det ikkje stilt vilkår for å nytte denne tenesta. Ta gjerne kontakt på telefon for samtale eller avtal møte for ein uforpliktande samtale. Om ynskjeleg kan du være anonym når du tek kontakt på telefon.

Ved behov for vidare oppfølging og involvering av andre deler av hjelpeapparatet, er det naudsynt at den enkelte gir samtykke til at aktuelle instansar kan samarbeide.
 

Pris

Tenesta er kostnadsfri.

Handsaming

Ved behov for oppfølging og spesielle tiltak, vil det i samarbeid med den enkelte bli fatta eit vedtak som inneheld ei beskriving av kva tenester du vil motta og kva dei omfattar.
Ved behov for langvarige og koordinerte tenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan.
 

Handsamingstid

Saker innafor denne tenesta er høgt prioritert og NAV Leikanger vil byrja å jobbe med saka di når du tek kontakt.

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist - di før du tek kontakt di betre.

Klage

Frist for å klage på vedtak er tre veker frå du mottok vedtaket.
Nav kan bistå deg med klage.
 

Meir informasjon, nyttige lenker og aktuelle lover:

Ungdomsslippen:
http://ungdomsslippen.webs.com samt eiga gruppe på www.facebook.com
Kontakt NAV Leikanger ved spørsmål knytt til Ungdomsslippen.
Send e-post  Telefon: 57 01 60 20
 

Individuell plan:
Generell info: www.helsedirektoratet.no/habilitering_rehabilitering/individuell_plan/
Lovgrunnlag: www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20041223-1837.html

Lov om sosiale tjenester
Lov om spesialisthelsetjenesten
Lov om pasientrettighetar
Forvaltningsloven (Omhandlar mellom anna din rett til å påklage vedtak) 

Indre Sogn psykiatrisenter (en del av spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane):

Rusettervernet i Sogn og Fjordane

AKAN – arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Nav Leikanger
Sognefjordvegen 60
6863 Leikanger

Tlf: 55 55 33 33
Telefax: 57 01 60 21

Opningstid 09.00-15.00

Send e-post

Ruskonsulent Ingvild Nesland
 

Web levert av CustomPublish AS