Eig du to eller fleire eigedomar i same kommunen, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer. Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer. Til vanleg vil eigedommane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengjande heile, men det er òg høve til for eksempel å slå saman to eigedommar som ligg på kvar si side av ein veg.

Det må liggje føre ein attest frå kommunen. Dersom ei samanslåing kan føre til forhold som er i strid med reguleringsføresegnene, kan kommunen nekte å skrive attest. Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom ho fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar.

Merk at det berre er i samband med festegrunn (festenummer) at festaren kan krevje samanslåing. Det vil seie at dersom festaren har to likelydande festekontraktar på to ulike grunneigedomar (bruksnummer) som ligg inntil kvarandre, så vil festaren likevel ikkje kunne krevje samanslåing.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelhavaren sitt ansvar å bringe dette i orden. Ta eventuelt kontakt med Tinglysinga hos Statens Kartverk, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om samanslåing sender du til kommunen.

Kommunen vurderer om vilkåra for samanslåing ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for samanslåing er til stades. Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) føyd saman, må vedkomande sende kopi av kravet til den/dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg. Krav om samanslåing bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over.

Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal setjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønskje knytt til dette. Deretter vidaresender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysinga hos Statens Kartverk. Dei avgjer om vilkåra for samanslåing er oppfylte og skriv i så fall inn samanslåinga i grunnboka.

Handsamingstid er omlag to månader. Eventuell tid som rekvirenten nyttar for å få søknaden komplett vert tillagt.

Du kan klage dersom kommunen nektar samanslåinga. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.