Seksjonering

Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Eigarseksjonering egnar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og t.d. horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar.

Vilkår

Det må knytast einerett til bruk av brukseininga.

Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen.

Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining.

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova. For eksisterande bygningar inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Det må framleggast:

  • Planteikningar
  • Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
  • Eigenmelding om at vilkåra i lova er oppfylte
  • Namneliste over dei som eventuelt bur der

Dersom du er heimelshavar til eigedommen, kan du sende ei melding til kommunen om at du ønskjer løyve til seksjonering. Meldinga må innehalde: 

  • gards- og bruksnummer til eigedommen
  • føremålet med kvar seksjon
  • sameigebrøk for kvar seksjon
  • vedtekter for sameiget

Bruk skjema for seksjoneringsbegjæring. Rekvirent (den som ber om seksjonering) er ansvarleg for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.
 

Pris

Gebyret er sett saman av ein handsamingsdel og ein tinglysingsdel. Gebyrsatsen for kommunal handsaming i dag finn ein i Prisbok for kommunale tenester, del G, pkt. 16. Gebyret er fastsett til tre ganger rettsgebyr dersom det ikkje er gjennomført synfaring på staden, og fem ganger rettsgebyr dersom det er gjennomført synfaring på eigedomen. Tinglysingsdelen er i dag sett til 1,8 ganger rettsgebyret. Rettsgebyret vert fastsett av Justisdepartementet gjennom lov om rettsgebyr.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysingane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket er ute.

Handsamingstid

Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leikanger kommune
Skrivarvegen 7
6863 LEIKANGER

Tenesteleiar
Runar Stadheim
Telefon 57 65 56 21

Send e-post

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS