Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Eigarseksjonering egnar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og t.d. horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Det må knytast einerett til bruk av brukseininga.

Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen.

Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining.

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova. For eksisterande bygningar inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Det må leggjast ved:

  • Planteikningar
  • Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
  • Eigenmelding om at vilkåra i lova er oppfylte
  • Namneliste over dei som eventuelt bur der

Dersom du er heimelshavar til eigedommen, kan du sende ei melding til kommunen om at du ønskjer løyve til seksjonering. Meldinga må innehalde: 

  • gards- og bruksnummer til eigedommen
  • føremålet med kvar seksjon
  • sameigebrøk for kvar seksjon
  • vedtekter for sameiget

Bruk skjema for seksjoneringsbegjæring. Rekvirent (den som ber om seksjonering) er ansvarleg for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.

Kommunen skal innhente dei opplysingane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket er ute.

Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.